Vinskvetten på Tysnes

Mine damer og herrer, ta vel imot Vinskvetten! Etter å ha lest ein inspirerande artikkel i BT, der vår kjære kulturminister, Abid Raja, ber om at me gjennomfører flest mogleg kulturelle...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

19.des
2020
kl 15:30

Detaljer

Mine damer og herrer, ta vel imot Vinskvetten!

Etter å ha lest ein inspirerande artikkel i BT, der vår kjære kulturminister, Abid Raja, ber om at me gjennomfører flest mogleg kulturelle arrangement til tross for restriksjoner, bestemte me oss for å gjera det. Me imøtekommer ønskjene hans og lagar ein fin, trygg og kulturell laurdag med vestlandets største kulturelle skatt, Vinskvetten!

Det er viktig at me har muligheter til å få kulturelle opplevingar i denne tida, kanskje viktigare enn nokon gong. Det er tungt å sitja inne heile vinteren og sjå i veggen, me vonar dette kjem som eit postivit ljos i førjulstida. Forestillingane kjem til å ha høgt fokus på smittevern, det blir stolrader og ingen sjenking, mingling og dansing er ikkje mogleg. Dette er reine forestillingar der scenen har det heile og fulle fokuset. Men de vil sitja igjen med eit veldig godt og kjært minne etter de forlater salen, det lovar me :)

Den første forestillinga blir ein rein ungdomskonsert med øvre aldersgrense på 18 år, dette gjer me fordi me ser at det har vore alt for lite arrangement av denne typen for ungdom i år. Det er ingen nedre aldersgrense, så om det er noken som ønskjer følge av foreldre er det mogleg , men alle må ha billett.

Dei to siste forestillinga er ope for alle. Det vil vera 50 billetter per forestilling og nedvask av lokale mellom kvar konsert, salen må følgjelig tømmast mellom kvar forestilling.

Me er utrulig glad for at myndighetene gjer oss denne muligheten, me gleder oss som nokre ungar til å presentera Vinskvetten i Tysnes sitt vakraste kulturhus, Vonheim!

-Dato: 19. desember -1. forestilling, for ungdom opp til 18 år.: 15:30 -2. forestilling, for alle: 18:00 -3. forestilling, for alle: 20:30 -Lokale: Vonheim -Dørane opner 30 min før kvar forestilling og lukkes under forestillinga. -Billettpris: 600,-

Bestill bord for middag før eller etter forestillingane på Mandelhuset med vår online bookingsystem: http://www.mandelhuset.no/booking

Billetter på ticketco: https://mandelhuset.ticketco.events/no/nb/e/vinskvetten_paa_tysnes Spørsmål kan rettast til epost: booking@mandelhuset.no

-Presseskriv:

Sist gong me i Vinskvetten kom med ny plata var Kjell Magne Bondevik statsminister i landet, Youtube fanns ikkje, røykeloven var ein fjern idè, og Brann hadde ikkje tatt gullet heim sia 1963. Så for oss karane è detta ein stor begivenhet på linja med den dagjen fatter`n vart oppgradert frå strikkar til strikkemaskinreperatør på fabrikkjen hausten 1965, og han fekk blå frakkje med kulepenna på brystlommå.

Gamlemåten

Vi forstår da slik at dei fleste plateartista no før tide laga musikken sin på ein pc på gute- og jenterommet. Sånn è da ikkje med oss karane. Vi ana ikkje korleis vi får musikken inn på ein pc. Reint teknisk gjekk vi ut or tide ein gong på 70- talet. Vi tok i staden songane våre med til Duper studio og spelte dei inn på gamlemåten, og vi er veldig fornøgd med ka den makalause produsenten Yngve Sætre har fått til med songane våre.

Dei Fem UimotSlåelige

Tittelen på platå er henta frå ein song på albumet og er eit forsøk på å driva ap med vår eigen alder og ungdommelighet. Og i følgje den nærmaste familien vår syng og spelar vi framleis godt, så lenge alle i gruppå huska å ta medisinane sine. Da kan for så vidt folk bedømma sjølv.

Droppa kassett

Da har skjedd ting i musikkindustrien sia sist vi var på banå. Kassetten er ute av markedet. Så detta albumet vert berre gitt ut på LP og CD. I tillegg kan folk streama albumet. I følgje Spåttifai er da øve 40 000 månentlege lyttare på Vinskvetten. Dei har vore utruleg tålmodige og fortena verkeleg ei ny plata.

Om du vil snakka med oss, eller har diverse spørsmål, ta kontakt med oss via vår heimasia på facebook.

  • Helsing karane i Vinskvetten

Vinskvetten:

Starta opp på ein revy i Salhus i 1975.

Består av: Bjørn Jensen, Gunnar Låstad, Jarle Farestveit, Arild Totland og Øyvind Østerbø.

Praktisk info

Enjoy-kode: 180953
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker