star
star
star
star
star

Vikestølen

Vikestølen var/er stølen til hovedbruket ovom hovedvegen i Vika, eit småbruk nedom vegen i Vika og eit småbruk på Tresneset. Det er mogeleg å gå skogsveg frå Vika opp til stølen, men ikkje å køyra....
Photo: Geir Morten Utskot

Photos

Practical

Enjoy code: 808865
Med bil som beskrive i turbeskrivelsen. Buss frå Norheimsund eller Bergen/Mundheim etter rute, men då blir det gåtur frå fjorden og opp og ekstra 200 hm.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
2.8 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Vikestølen var/er stølen til hovedbruket ovom hovedvegen i Vika, eit småbruk nedom vegen i Vika og eit småbruk på Tresneset. Det er mogeleg å gå skogsveg frå Vika opp til stølen, men ikkje å køyra. Då er det ei anna rute som er langt lettare og raskare for små og store bein.

Om du du kjem køyrande frå Norheimsund/Strandebarm svingar du til høgre og opp vegen mot Åse rett før Oma (butikken). Køyr forbi dei første gardstuna og vidare opp mot Åse til du svingar av til venstre inn på skogsveg. Det står eit grønt skilt med tursymbol ved avkøyrsla. Du køyrer vidare til enden av den køyrbare skogsvegen der det er ein stor plass du kan parkere. Vidare til fots opp skogsvegen (litt bratt men ikkje så lang) til du ser eit skilt på venstre side merka Nystøl/Vikestølen. Der startar stien inn til Nystøl og vidare til Vikestølen.

Stien går i lett og fint tureterreng og høver særleg godt for små føter.

Turen er ca 2,8 km og 265 høgdemeter.