star
star
star
star
star

Vikestølen (325 m.o.h.) via Veldehytta frå Eikesdalsvegen

Det går traktorveg heilt fram til Veldehytta. Vegen har enkelte bratte parti opp til Dyrhaug. Her står skilt opp til Dyrhaug med rasteplass berre 100 m opp. Her ligg ei privathytte, men like...

Practical

Enjoy code: 577389
Frå Knapphus - kjør omlag 2,5 km nordover langs E 134 mot Ølen til Eikesdalsvegen. Her står det skilt til Eikesdal til venstre og TURSTI-skilt. Følg vegen omlag 700 m oppover til du kjem til skilta P-plass. Her finn du info.tavle og kart over mange fine turar som startar herifrå.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Elderly
Duration
15 minutes
Distance
5.5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Det går traktorveg heilt fram til Veldehytta. Vegen har enkelte bratte parti opp til Dyrhaug. Her står skilt opp til Dyrhaug med rasteplass berre 100 m opp. Her ligg ei privathytte, men like ovanfor ligg rasteplassen med flott utsikt over Vatsbygda og fjella rundt. Du blir overraska over den fine utsikta her. Etter ein liten pause går du vidare på traktorvegen. 600 m lenger opp kjem du til eit gjerde- der står skilt ”REVABÅS”. Denne ligg berre 50 m opp til høgre frå vegen. Revabås er ei gamal fangstfelle som reven vart fanga i. Denne er murt inn i ura - godt kamuflert for reven. Sjå informasjon om fangstfella på eiga info.tavle der. Gå vidare inn til Veldehytta der du tar ein liten pause og skriv deg inn i hytteboka. Her står det skilting vidare til Vikestølen. Nå kan du følga merkepinnane i flatt myrlendt landskap heilt fram til Vikestøls-hytta. Hytta er open og hytteboka ligg klar inne i stova. Her kan du nyta niste-pakken inne eller ute på gode ”hagebord”. Kvart år sidan 1900 blir det arrangert ”Vikestølsstevne” ved denne hytta – eit isjonsstevne fyrste søndag i juli som sokneråda i Bjoa, Vikebygd, Vats, Skjold og Ølen har ansvar for. Då kjem det alltid folk frå desse bygdene til sosialt samver med song, tale m.m. Dersom du vil, kan du herifrå gå tilbake same vegen til Øvre Vats eller du kan gå vidare til Eikås på middels god traktorveg . Frå Eikås går det bilveg til Bjoa slik at du kan bli henta der etter avtale. Frå Vikestølen kan du også ta ein god traktorveg til Vikebygd – då kjem du ned på hovudvegen like ovanfor kyrkja i Vikebygd.. Sjå skilt og merking.

Terreng: God traktorveg til Veldehytta. Frå Veldehytta er det nokså flatt, men vått og myrlendt og tungt å gå.

Fottøy: Må ha gode vasstette fjellsko eller støvlar på denne turen.