Vicent Bas Saxophone X DJ Mounir // TIK

PANGSTART PÅ TIK-PÅSKA 2024! Vi har lytta til publikum og er glade for å endeleg kunngjere at duoen Vicent og Mounir kjem tilbake på TIK! Skjærtorsdag har du moglegheit til å oppleve dei igjen,...
This activity is completed or marked as expired
28.mar
-
kl 20:00

Details

PANGSTART PÅ TIK-PÅSKA 2024! Vi har lytta til publikum og er glade for å endeleg kunngjere at duoen Vicent og Mounir kjem tilbake på TIK! Skjærtorsdag har du moglegheit til å oppleve dei igjen, eller for aller fyste gong. 2. desember 2023 var fyste gongen vi fekk oppleve denne duoen saman på TIK, og for ein kveld! Fullt dansegolv frå kl. 23:00 til Kl. 02:10, og det seier sitt! Vicent er ein lidenskapleg saksofonspelar som er kjend for sin ekspertise innanfor sjangrane house, dance og elektronisk musikk. I løpet av det siste året har Vicent trollbunde publikum på klubbar, festivalar og arrangement over heile Noreg og i Spania. Hans unike liveopptredenar har funna stad på verdskjende stader som Ibiza og Mallorca, i tillegg til meir heimlege trakter som Oslo, Trondheim, Stavanger, Bergen, Hemsedal og Ørsta. Mounir er eit kjend namnd på DJ-fronten, og han leverer alltid varene. Saman er dei dynamitt! Skjærtorsdag vil Vicent og Mounir skape ei unik stemning med deira herlege blanding av god elektronisk musikk og levande saksofonspeling. Vi trur billettane vil bli rivne vekk raskt, så ver tidleg ute og sikre deg din billett! Så set av skjærtorsdag, 28. mars, og bli med oss på TIK for ein magisk kveld med Vicent Bas Saxophone og DJ Mounir. Dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av! 20 års aldersgrense.

Practical

Enjoy code: 859964
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth, Elderly, Kids
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.