star
star
star
star
star

Vesoldo

Frå Strandebarm. Føl merka sti (raud rute) og T-merking oppover den skogkledde lia. Stien passerer eit utsiktpunkt med ein benk, før den held fram opp på eit høgdedrag, der ein får utsikt ut...
Photo: Kjell Inge Tufte Tyssen

Practical

Enjoy code: 527518
Frå Strandebarm Ta av frå F49 i ytste enden av tunnellen på Fosse, det er skilta Haukås. Ta til venstre, du køyrer då over tunnellen. Køyr oppover gjelet til du kjem til ei bru på høgre side, her startar Tordalsvegen. Køyr over brua og oppover til Engjadalsvatnet, sving til venstre og køyr langs vatnet. Du kjem til garden Tordal, køyr gjennom tunet. Eit lite stykke vidare kjem du til ei grind, der startar bomveg. Det er då ca 2 ½ km til parkeringsplass ved Byrkjenes.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Kids, Elderly, Adult
Duration
5 hours
Distance
6.1 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.krevende
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frå Strandebarm.

Føl merka sti (raud rute) og T-merking oppover den skogkledde lia. Stien passerer eit utsiktpunkt med ein benk, før den held fram opp på eit høgdedrag, der ein får utsikt ut Hardangerfjorden, mot Tveitakvitingen og det alpine landsskapet i Kvinnherad. Her deler stien seg i raud rute (Vesoldo) og blå rute (Fadnastøl), men begge fører til Vesoldo. I snøsmeltinga er elva litt stor og stri i ruta til Fadnastøl, så det er lurt å følgja raud rute til ein kjem til ei bru på venste side. Kryss over brua, og stølen Fadnastøl ligg framme i stien. Den blå løypa går her vidare til Koldal. Etter Fadnastøl skal du rett fram under berget, og so til høgre. Føl sti og merka rute oppover lia til over tregrensa. Her sluttar T-merka, men stien er tydeleg med små vardar. Siste stykket over ryggen opp mot toppen er snødekt, men førebels fast å gå på.

Frå Norheimsund.

Føl traktorveg/sti frå Solhaug. Langs eller ved røyrgata til Krokavatn, og vidare på merka sti på austsida av Krokavatnet, over Torsteinsheia, forbi Torsteinsvatnet og bort til Aksneshiller. Vidare går stien sørvest mot Varafjell (til høgre for Vesoldo), men ta så av til ny sti rett før Varafjell, så du kjem ut på kanten over Finnhiller like til venstre for Varafjell. Her går det tydeleg sti ned til Finnhillervatnet (her må ein finna rett "kløft" for å komma seg ned til vatnet). Stien går så vidare langs vatnet, forbi selet og mot søraust oppover framsida av Vesoldo. Fyl sti/vardar oppover heile vegen til toppen, ver merksam på at like under toppen dreier vegen frå høgre sida og over til venstre sida av fjellet, så ein kjem opp til toppen på sida mot Tørvikanuten. Lengre tur enn frå Strandebarm, men samstundes meir variert terreng og stigning.

Frå Tørvikbygd.

På dårleg traktorveg frå Tveiten, til Augastadstølen, her skal du over ei myr, der du så kjem til ein ny traktorveg som tek deg opp til Finnhillervatnet. Herifrå fyl du ein utydeleg sti innover/oppover, til du møter hovudstien frå Krokavatn. Fyl derifrå stien/vardane oppover heile vegen til toppen. Stien/vardane vil ta deg mot høgre sida av fjellet, og like under toppen runda mot venstre att, så ein kjem opp til toppen på sida mot Tørvikanuten.