Vandreteater i Nygårdsparken: Skogsprinsessa kl.14:00

Bli med på ei spanande utandørs teateroppleving! Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den, og no er det skogsprinsessa Alva sin tur til å bli krona til...
This activity is completed or marked as expired
26.Mar
2023
2:00pm

Details

Bli med på ei spanande utandørs teateroppleving!

Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den, og no er det skogsprinsessa Alva sin tur til å bli krona til dronning. Men, alt går ikkje akkurat som tenkt på kroningsdagen. Alva saknar far sin som har reist vidare til alveriket og har inga tru på at ho sjølv kan bli ei god skogsdronning. Utan nokon til å styre skogen vert det berre kaos, og den vise soppen Fungi og den trufaste busken Buseklusk prøvar å ordne opp så godt dei kan! I det skjulte snik den lure og sleipe myra seg innpå. Vil skogen klare å krone si nye dronning, før alt fell heilt ut av balanse? Bli med, og sjå sjølv!

Stykket passar frå 4 år og oppover.

Oppmøte: ved kaféen i øvre del av Nygårdparken

Alt foregår utandørs, så det er viktig at alle kler seg og sine etter forholda.

Framsyninga vil ta ca. 1 time.

Dette er første test av framsyninga vår, vi gler oss til å ha dykk med som vårt første publikum. (Offisiell premiere vert i juni)

Regi: Jan Neal Holden

Skodespelarar:

Stine Revheim Svellingen, Magdalena Kuna, Lina Taule Fjørtoft, Thomas B. Brandt.

Foto: Kristian Glomnes

Practical

Enjoy code: 432843
Type
Scene
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links