Dumbo (2D, Norsk tale)

Frå Disney og regissør Tim Burton kjem den høgt verdsette klassikaren Dumbo i ein heilt ny drakt, som live-action. Ulikskap vert feira, familien elska og draumane flyg høgt når Dumbo flyr inn i kinoane 29. mars 2019!
This activity is completed or marked as expired
11.Apr
2019
7:00pm

Details

Sirkusdirektøren Max Medici (Danny DeVito) gir ansvaret for ein nyfødt elefant, med så store øyre at han vert gjort til latter, til den tidlegare stjerna Holt Farrier (Colin Farrell) og borna hans Milly (Nico Parker) og Joe (Finley Hobbins). Då dei oppdagar at Dumbo kan fly, når sirkuset nye høgder, og trekk til seg merksemd frå den overtalande forretningsmannen V.A. Vandervere (Michael Keaton). Han vervar den særeigne elefanten til sin nye og fantastiske fornøyelsespark Dreamland. Dumbo svevar høgt saman med den sjarmerande og spektakulære akrobaten, Colette Marchant (Eva Green), heilt til Holt oppdagar at det skjuler seg mørke løyndommar under overflata i Dreamland.
Filmen er regissert av Tim Burton («Alice in Wonderland», «Charlie and the Chocolate Factory»), med manuskript av Ehren Kruger («Ophelia» «Dream House») og produsert av Justin Springer («TRON:Legacy»), Kruger, Katterli Frauenfelder og Derek Frey («Frøken Peregrine’s home for Peculiar Children», «Frankenweenie»),.

Practical

Enjoy code: 782364
Type
Cinema
Target groups
Kids, Youth, Adult, Elderly
Source
Dx
External information

Sponsored links