Krasjkurs for barn: Norsk dans - Gratis!

Torsdag 4. juli kl. 16:30 – 17:15 Scena i Storsalen, Førdehuset Krasjkurs for barn: Norsk dansFRI ENTRE! Instruktørar: Arne og Asbjørg Sølvberg Her kan du kome utan verken pengar eller partnar -...
This activity is completed or marked as expired
04.Jul
2019
4:30pm

Practical

Enjoy code: 778963
Type
Lecture
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Torsdag 4. juli kl. 16:30 – 17:15 Scena i Storsalen, Førdehuset

Krasjkurs for barn: Norsk dansFRI ENTRE!

Instruktørar: Arne og Asbjørg Sølvberg

Her kan du kome utan verken pengar eller partnar - berre med danselyst og dansesko!

  • Å danse er så utruleg kjekt! Det meiner Arne og Asbjørg Sølvberg, som har dansa så å seie heile livet, både på kappleikar og i alle andre samanhengar der det har vore høve til å svinge seg. Gjennom tallause kurs og samlingar opp gjennom åra, har dei to lært folkedans og gamaldans til born, unge og gamle, land og strand rundt. Arne er også ein av dei beste felespelarane i landet, så her blir det heller ikkje mangel på god dansemusikk. No har DU sjansen til å vere med i danseringen med desse legendariske danseinstruktørane! Her trengst ingen forkunnskapar, har du lyst, har du lov!

Og vi i Førdefestivalen meiner at ALLE ungar skal ha høve til å lære nokre av dei flotte norske dansetradisjonane våre, så dette kurset er heilt GRATIS!

Frå BVD-blogg:

Her får vi prøve oss på steg og rytmar frå norsk folkedans. Kanskje blir det noko engelsk dans og? Asbjørg og Arne har lært opp fleire generasjonar med dansarar.

Frå artistomtale BVD:

Asbjørg og Arne Sølvberg bur i Nordfjord. Dei har alltid dansa, så å seie, både på kappleikar og i alle andre samanhengar der det har vore høve til å svinge seg. Gjennom tallause kurs og samlingar opp gjennom åra, har dei to lært folkedans og gamaldans til born, unge og gamle, land og strand rundt. Arne er også ein av dei beste felespelarane i landet, og er i tillegg kjend for å elske å gå i Moods of Norway dress!

Maps