Norsk Countrytreff 2019

Kjøper du billett på førehand får du: * Raskare inngang til konsertane- mindre kø! * Eiga innsjekkluke til camping med mindre kø * Innslepp til camping onsdag kveld 18.00-21.00 (begrensa...
This activity is completed or marked as expired
10.Jul
2019
6:00pm

Practical

Enjoy code: 744155
Type
Culture
Target groups
Youth, Adult, Elderly, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Kjøper du billett på førehand får du:

  • Raskare inngang til konsertane- mindre kø!
  • Eiga innsjekkluke til camping med mindre kø
  • Innslepp til camping onsdag kveld 18.00-21.00 (begrensa sanitærkapasitet) Du må påreikne noko kø.

I 2019 blir Norsk Countrytreff (NCT) arrangert for 25.gong. I løpet av tredje helga i juli vil over 20 artistar/band stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.

Sidan første festivalen i 1995, har festivalen sakte men sikkert vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, til 2017 med 13200 besøkande, var det i 2018 ny publikumsrekord med 17 600 konsertbesøkande på arrangementa, som alle finn stad i heile Gloppen.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det har blitt ein tradisjon for Glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år, og ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling trur vi dette er mogleg.

Maps