LittfestBergen: Norsk sorg | Norwegian grief

Korleis sørgjer Noreg etter 22. juli? Og korleis blir denne sorga behandla i kunsten? Først kom sakprosabøkene, så kom skjønnlitteraturen, romanane og dikta, til slutt filmane. Kva kjenneteiknar...
This activity is completed or marked as expired
17.Feb
2019
1:00pm

Practical

Enjoy code: 204807
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
LinTicket
External information

Sponsored links

Details

Korleis sørgjer Noreg etter 22. juli? Og korleis blir denne sorga behandla i kunsten? Først kom sakprosabøkene, så kom skjønnlitteraturen, romanane og dikta, til slutt filmane. Kva kjenneteiknar denne litteraturen, og korleis skil skjønnlitteraturen seg frå sakprosaen i måten sorga blir skildra på?

Aage Storm Borchgrevink ga ut sakprosaboka En norsk tragedie i 2012, Brit Bildøen romanen Sju dagar i august i 2015 og diktsamlinga Vandreutstillinger av Cecilie Løveid kom i 2017. Samtalen blir leia av forskar på Utøya-litteratur og -film, professor Anne Gjelsvik.

Samtalen vil vere på norsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt. Sjå alle festivalarrangementa [https://littfestbergen.linticket.no]

Foto: Henrik Lied/NRK

Maps