star
star
star
star
star

Ulvanosa

Stad: Utåker. Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt: ”Ternebu” i Tveitedalen. Parkering: Ved ”Ternebu”, skisenteret i Tveitedalen. Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i...
Photo: Anne Kari Walborg Enes

Photos

Practical

Enjoy code: 460264
Ved ”Ternebu”, skisenteret i Tveitedalen. Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Youth, Elderly
Duration
6 hours
Distance
7.7 km
Difficulty level
Export
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Stad: Utåker.

Turkart: Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt: ”Ternebu” i Tveitedalen.

Parkering: Ved ”Ternebu”, skisenteret i Tveitedalen. Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.

Merking: Informasjonstavle ved ”Ternebu”. Skilta og T-merka frå ”Ternebu”

Gradering: Raud. Noko krevjande. Fire støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad: 200 – 1248 moh.

Tidsbruk: 3,5 timar opp, litt mindre ned.

Gode råd: Mykje gange på grov stein krev gode sko. I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden skal ein vera varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. Frå Høgetinden kan ein følgja merka rute ned til Uskedalen direkte, eller over Geitadalstinden. Sjå eigen turomtale. Turomtale: Frå P-plassen følgjer ein lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ver nøye med å følgja lysrekka ved kryssande skogsvegar. Følg merkinga oppover under kraftlina og hald til venstre opp bakken. Frå enden av traktorvegen følgjer ein stien langs ryggen til stølshuset på Dyrrindo. Ta så til høgre opp bak hytta og følg T-merkinga. Ved vegdelet, ca. 800 moh, kan ein velje direkteruta mot toppen (sporadisk merka med små steinvardar) eller den T-merka ruta om Øktaredalsnuten med utsikt ned i Matersfjorden.

Frå toppen er det storslått utsyn til Etne- og Kvinnheradfjella, Folgefonna, Hardangerfjorden og fjellområda mot Bergen. Dei bratte fjellsidene ned mot Uskedalen er eit attraktivt klatreområde med ruter av alle vanskegrader, i solid granitt.