Details
Verdens saktaste turné rullar vidare. Frå Vesle Kinn i februar, via stavkyrkja i Undredal i august, og no altså Eikefjord kyrkje. Det passar i grunnen ganske bra, for mottoet vårt har blitt: «Det kan aldri gå sakte nok». Trøyst er namnet som har blitt hengande ved oss. Vi er Jorunn Bakke Nydal på piano og Sanja Dukanac på cello – ja, og Arne Hjorth Johansen på vokal då. Det starta med tre songar i samband med eit arrangement om musikk som terapi i regi av Senioruniversitetet i Florø. Det var så gøy at vi utvida til fire songar og oppvarmingsoppdrag for Eliot Bronson på Vesle Kinn. Sidan har det balla på seg. Vi spelte for det vi likar å kalle fullt hus på Vesle Kinn i februar, og det verka som om det fall i smak. Ein nærmare titt på setlista viste at mange av songane vi har valt ut, har noko åndeleg over seg. Ei lengsel etter noko større. Eit rop om trøyst. Vi tenkte at med litt tilpassing kan dette passe bra å spele i ei kyrkje. Eller fleire. Dermed blei det Undredal i august, og no rundar vi truleg av denne langsame turneen med konsert i Eikefjord kyrkje. Her blir det havet, døden og kjærleiken. Det blir Townes Van Zandt, Thåstrøm og Billie Eilish. På norsk. Håpar vi sjåast! Dører 18:30 Konsertstart: 19:00 Billettpris: 150,-
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Available tickets
27/11 2025 6:30pm