Treffet - Ein Tinder-opera

OperaKysten inviterer: "Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE. Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne...
This activity is completed or marked as expired
24.Aug
-
7:00pm

Details

OperaKysten inviterer:

"Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE. Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne appen...? Kanskje ein ikkje berre skal sveipe til høgre, er dette kanskje verd ein SUPERLIKE?"

I denne komiske operaen møter vi Kristine og Tomas som er på sin fyrste date. Kunstig høge forventingar og i overkant store personlegheiter skapar god grobunn for fleire konflikter på kort tid, til glede for tilhøyrarane som kanskje også vil kunne kjenne seg att i stemninga og situasjonen med å møte nokon for fyrste gong.

Framsyninga varer i ca 45 min.

"Treffet - ein Tinder-opera" er skriven av komponist Jostein Avdem Fretland. Operaen var ferdigskriven i 2020 og urframført i Lærdal i februar 2022. "Treffet" er den fyrste i ei samling "novelleopraer" som heiter "Av kjøt og sorg".

I rollene: Kristine: Nora Oleanne Sårheim Tomas: Eivind Kandal Ved klaveret: Andreas Løken Taklo Tekst og musikk: Jostein Avdem Fretland

Practical

Enjoy code: 103837
Type
Scene
Target groups
Adult, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links