TRANSITT

Det siste året har det vore hyppige diskusjonar om det som blir kalla kjønnsbekreftande behandling i norsk helsevesen. Korleis er møtet med det offentlege for den som er trans, og søker hormonell...
This activity is completed or marked as expired
07.Oct
2022
1:00pm

Details

Det siste året har det vore hyppige diskusjonar om det som blir kalla kjønnsbekreftande behandling i norsk helsevesen. Korleis er møtet med det offentlege for den som er trans, og søker hormonell og kirurgisk behandling for å få ein kropp som samsvarar med kjønnsidentiteten? Forfattar Molly Øxnevad er i år aktuell med kortromanen Feminin gange. Der møter vi ekskjærastane Tor og Liam, som er på veg frå Stavanger til Oslo i ein gammal varebil. Liam, som er trans, skal til sin andre konsultasjon for kjønnsbekreftande behandling på Rikshospitalet. Turen blir ei reise ikkje berre i relasjonen mellom dei to, men i samfunnsyn, kjønnsroller og kjensla av å vere definert som utanfor det normale. Kva for svar får Liam på Rikshospitalet, og kva står på spel for den det gjeld i ein slik situasjon? Kor mykje av dagens tilbod er kunnskapsbasert, og kva er gamle, trange forestillingar om kjønn? Molly Øxnevad samtalar med Caroline Ugelstad Elnæs om boka og det politiske landskapet ho er skriven i.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du pålittsymp.no.

Practical

Enjoy code: 676222
Type
Festival
Target groups
Youth, Adult, Kids, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links