TRAD MED TI PÅ TAKET

Timannsensemblet Ti på Taket kjem til Førde med eit heilt nytt repertoar der tradisjonsmusikken er i høgsetet. Dei gav ut “Hildersyn” i 2017 med musikk av Irene Tillung, som er primus motor for...
This activity is completed or marked as expired
10.jul
2021
kl 17:00

Details

Timannsensemblet Ti på Taket kjem til Førde med eit heilt nytt repertoar der tradisjonsmusikken er i høgsetet. Dei gav ut “Hildersyn” i 2017 med musikk av Irene Tillung, som er primus motor for prosjekt­ensemblet, der du finn fleire av landets mest renommerte musikarar, med alt frå folkemusikk, jazz og populærmusikk til klassisk musikk i bagasjen. Musikken deira har alltid vore sterkt inspirert av folkemusikk, men krydra og fargelagd gjennom orkestrale arrangement. Denne gongen har Ti på Taket teke for seg tradisjonsmateriale frå fjern og nær, og lagt på fargepalettane kritikarane har rosa dei for.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på påfordefestival.no.

Practical

Enjoy code: 213747
Type
Festival
Target groups
Kids, Youth, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links