Tråd på pinnen - strikkedag på Vitengarden 9. mars 2024

Vitengarden inviterer til ein dag fylt med inspirasjon, interessante presentasjonar, strikking, drøs og god mat, laurdag 9. mars 2024.

Details

Tråd på pinnen er eit konsept Vitengarden arrangerer for strikkeglade eit par gongar i året. Dagane er populære, og sist gong vart arrangementet utselt.

Programmet 9. mars ser slik ut:

09:30 Dørene opnar

10:00 Velkommen og introduksjon av dagens butikker, Sense Garn og Holen ullverkstad

10:15 Produksjon og farging av garn ved Holen ullverkstad

10:45 Pause, tid til drøs, shopping, påfyll av kaffi m.m.

11:45 Arnhild Skatveit strikkedesign

12:30 Lunsj. Kjempegod suppe med heimelaga brød til.

God tid til drøs, strikking og shopping m.m.

13:30 Lene Bjørheim strikkedesign

14:15 Kaffi med noko søtt attåt og loddtrekning

15:00 Vel heim

Pris

Foredrag + lunsj kr. 495,-.

Butikkar som er med denne dagen:

Sense garn – Lokalisert i hjarta av Sandnes, inne på Maxi kjøpesenter, finn du Sense Garn – ein garnbutikk som skiller seg ut frå mengda. Sense garn opna 18. juni 2022 og har raskt blitt eit populært val for alle som er interessert i handarbeid.

Holen Ullverkstad – Holen ullverkstad har lenge arbeida med å laga det perfekte garnet. Mange ullsortar, saueraser og mange prøver. Dei har kryssa sauerasane fram og tilbake for å få fram dei beste eigenskapene i ulla.

Arnhild Skatvedt – Strikkeoppskrifter frå Arnhild Skatvedt til jumpere/topper, gensere, jakkar, skjerf, og huer. Garnkvaliteter til dei ulike modellane er òg med, samt nokon av modellane slik at de kan både kjennast og prøvast på.

Practical

Enjoy code: 430250
Har du allergier, må du sende oss ein epost om dette ei veke i forkant av arrangementet. Send epost til vitengarden@jaermuseet.no Vitengarden ligg 20 minutt gangavstand frå Nærbø togstasjon. Det er stor og gratis parkeringsplass like ved museet.
Type
Lecture
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
Enjoy

Reviews