Torn & Rose i Eventyrland

Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet. I eit forsøk på å løyse...
This activity is completed or marked as expired
14.Oct
2023
4:00pm

Details

Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet. I eit forsøk på å løyse dette problemet inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong! Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland. På vegen kjem dei til å støyte på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt levande drake? Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!

Passer for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år. Framsyningslengd: ca 70 min

Practical

Enjoy code: 532994
Type
Scene
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
Eventim
External information

Sponsored links