star
star
star
star
star

Topptur til Sauesnyken frå Øvre Heggebø

Fin og mykje brukt tur som gjev flott utsikt over Bøfjorden, ytre delar av Sognefjorden og indre del av Hyllestad kommune og Lavikdalen. Eit fint utgangspunkt for lengre turar eller rundturar, både...

Practical

Enjoy code: 827279
Ta av frå FV57 til Heggebøfeltet, ein kilometer aust for Leirvik sentrum. Hald mot venstre i første vegskilet, og køyr til til toppen. Der den kommunale vegen svingar mot venstre, køyrer du rett fram på ein grusveg om lag hundre meter til. Her er parkeringsplass, og starten på stien.

Lokalbussar mellom Lavik og Rysjedalsvika korresponderer tidvis med nord/sør-gåande ekspressbussar i Lavik. Buss morgon og kveld som korresponderar med ekspressbåten i Rysjedalsvika. Overnatting på Leirvik Kro og Motell.
Type
Outdoor
Target groups
Voksen, Barn
Duration
45 minutes
Distance
2.4 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.middels
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Fin og mykje brukt tur som gjev flott utsikt over Bøfjorden, ytre delar av Sognefjorden og indre del av Hyllestad kommune og Lavikdalen. Eit fint utgangspunkt for lengre turar eller rundturar, både mot Handalsstølane, Heggetjørna, Hellebøstølane og Laviksåta.

Mesteparten av turen går gjennom kombinert bar- og lauvskog. Første del av stien er på skogsveg, og er relativt slak. Frå Bråstadstølen vert det brattare stigning, og stien ber preg av mykje bruk - og kan vere glatt dersom det er vått i terrenget. Etter kvart kjem ein over i fjellterreng, med mindre vegetasjon, og betre underlag for stien. Ein passerar ei antennemast like før toppen, som ligg på 507 meter over havet. Ein kan også velje å gå frå Handalen, Laviktrangane, Hellebøen eller Bråstad.

Turen er ein av fjelltrimpostane i Hyllestad, og ein kan skrive seg i boka på toppen.