star
star
star
star
star

Topptur til Møsnuken om Linken

Turen startar ved parkeringsplassen inne på Tøsdal. Følg grusa tursti om lag 300 meter, før du følgjer skiltinga opp til Linken (479 m.o.h.) Frå parkeringsplassen og opp til Linken er det om lag...

Practical

Enjoy code: 885643
Kjem du frå Os, tek du til høgre vis à vis Mekonomen bilverkstad like etter ei stor rundkøyring, og følgjer vegen innover til parkeringsplassen. Det er viktig at du parkerer på merka plass og ikkje på eller langs innmarka.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Elderly, Youth
Duration
30 minutes
Distance
4.6 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar ved parkeringsplassen inne på Tøsdal. Følg grusa tursti om lag 300 meter, før du følgjer skiltinga opp til Linken (479 m.o.h.)

Frå parkeringsplassen og opp til Linken er det om lag 1,9 km og det er ei krevjande stigning til toppen. Frå Linken inn mot Møsnuken er det om lag 3 km. Terrenget innover er lett kupert, men kan enkelte stader vera noko blautt om det har vore nedbør.

På godvêrsdagar har du nydeleg utsikt heile vegen, og du får verkeleg kjensla av å vere på høgfjellet! Frå Møsnuken (639 m.o.h.) kan du sjå Fitjar, Tysnes,Fusa, Tveitakvitingen, byfjella i Bergen og Austevold.

Dette er ein krevjande tur, så det er viktig å kle seg etter vêret og ha godt fottøy. Når du skal tilbake til Tøsdal kan du velje mellom å følgje same løypa heimover, eller gå ned på austsida og følgje skiltinga gjennom Stemmedalen og tilbake.