star
star
star
star
star

Topptur til Molden - frå Marifjøra

Bratt og lang tur med panoramautsikt inn Lustrafjorden. På toppen av Molden får du ei fjordutsikt som du knapt finn maken til. Stien startar på traktorveg/grus­veg før den etter 1,5 km går bratt...

Practical

Enjoy code: 940480
Parker bilen på kaia i Marifjøra. Følg vegen noko attende til du ser skilt til Molden.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
5 hours
Distance
12.2 km
Difficulty level
Export
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Bratt og lang tur med panoramautsikt inn Lustrafjorden. På toppen av Molden får du ei fjordutsikt som du knapt finn maken til.

Stien startar på traktorveg/grus­veg før den etter 1,5 km går bratt oppover i skogen til Steinkveane, der det er bord og benkar for dei som vil kvile seg litt. Derifrå går stien i varierande skogsterreng til den nedlagde stølen Svolsete. Her er det også bord og benkar. Etter Svolsete er det fjellterreng med nokre bratte bakkar opp til toppen.

Ta deg tid til ein tur rundt heile toppen slik at du får med deg utsikta til alle kantar. I nord ser du Luster sitt kommunesenter, Gaupne, med Jostedalsbreen og det karakteristiske fjellpartiet Hesten i bakgrunnen. Vidare mot aust ser du turområdet Engjadalen, markene på Nes og Lustrafjorden/Sognefjorden. Inst ligg Skjolden, Hurrungane og Jotunheimen nasjonalpark med dei høgste fjella i Norge. Mot sør ser du utover fjorden mot Urnes, der den eldste stavkyrkja i Norge står (UNESCO-verdsarv) og vidare kan du sjå Store Haugmelen og Hafslovatnet.