star
star
star
star
star

Topptur til Liberra, over Høgeggja og Geitahornet

Dette er ein (halv)dagstur som kan starte fleire stader: På Liset, Skårbø eller Dragseidet. Turen frå Dragseidet blir ikkje skildra her. Turen kan med fordel leggast opp som ein rundtur. Kanskje er...
Photo: Jan Vidar Smenes

Photos

Practical

Enjoy code: 394981
Følg veien fra Selje Sentrum mot Skårbø ca 3 km. Få parkeringsmuligheter på Liset. Bedre lenger ute. Fin sykkeltur fra sentrum.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult, Youth, Kids
Duration
5 hours
Distance
13 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein (halv)dagstur som kan starte fleire stader: På Liset, Skårbø eller Dragseidet. Turen frå Dragseidet blir ikkje skildra her. Turen kan med fordel leggast opp som ein rundtur. Kanskje er det lettast å gå turen frå Skårbø via Rydjajorda, sjå turen Skårbø - Årdal - Rydjajorda.

På Liset (ved Lisetelva, ca. 3 km frå Selje, fint å sykle dit) er det få parkeringsplassar for bil. Turen går på merka sti delvis gjennom gardstun og over innmark (ta omsyn). Vidare relativt bratt opp ei rås til fjellkanten, der det flatar ut. Merka sti vidare over myrlendt flate og vidare opp på eit høgdedrag. Kort tur til venstre opp på Høgegga (varde, 414 m.o.h.). Utsikt mot nordvest mot Flødevatnet (275 m.o.h.) og nordover mot Sunnmøre.

Frå Høgegga går det merka sti vidare i nord- og nordaustleg retning til Geitahornet (474 m.o.h.), fyrst over eit myrlendt område og deretter opp lia mot Geitahornet. Dette er ein favorittstad for mange turgåarar. Frå ein rasteplass like nedanfor varden kan ein nyte eit storslått panorama mot storhavet, Vågsøy og Bremanger (Hornelen, 860 m.o.h., høgaste sjøklippa i Europa). Mikkelsvatnet ligg like nedanfor (317 m.o.h.), og det er god utsikt både mot Selje og klosterøya Selja.

Frå Geitahornet går det fleire merka stiar; mot nord til Skreatua (Sjåstadvarden, 515 m.o.h.), og til Liberra (471 m.o.h.) i vestleg retning. Det er lett terreng å gå i og orientere seg i. Mot Liberra går ein fyrst på skrå nedover lia, deretter vidare over litt kupert myrområde til ein kan fylgje ryggen opp til Liberra. Tilsvarande kan ein gå til Skreatua over eit myrområde og deretter opp lia mot toppen (går mot høgre). Frå Skreatua er det svært lett terreng å gå i mot Liberra (sørvestleg retning).

Også Liberra har utruleg storslått utsikt. Frå Liberra er det fleire stiar tilbake. Ein kan gå ned igjen via Rydjajorda og vidare mot Årdalen og Skårbø. Alternativt kan ein gå tilbake langs Mikkelsvatnet til Skårbøvatnet (277 m.o.h.) og ned mot Skårbø. Stien ned mot Skårbø er delvis merka, er bratt og vanskeleg å finne om du ikkje er godt kjend.

Det er også ein sti vidare langs fjellkanten og vatna der tilbake til Liset.

Alle nedturane startar med å gå fjellryggen tilbake. Skal du gå mot Rydjajorda, tek du fyrste merka sti til høgre. Stien vidare mot Rydjajorda er merka, og går fyrst i nordvestleg retning i kanten av myra nedanfor fjellryggen. Eit gammalt torvhus står ved stien like ved ei relativt bratt nedstigning mot Rydjajorda. Vegen vidare mot Årdalen og Skårbø, sjå turen Skårbø - Årdal - Rydjajorda.

Tilbake til Skårbø er det ein god kilometer tilbake langs fylkesvegen mot Liset.