star
star
star
star
star

Topptur til Kjerringnova 423 moh, G4.

Frå toppen av Kjerringnova ser ein tydeleg kontrasten i landskapet i overgangen mellom vestlandsk skjergard og det dramatiske fjordlandskapet. Dette er eit av dei flottaste utsiktspunkta i Gulen og...
Photo: Bjarne Thune

Practical

Enjoy code: 816126
Parker i Taskevika, nord for Eivindvik. Bruk Turkart Gulen i målestokk 1 : 50 000
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Elderly
Duration
30 minutes
Distance
3.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frå toppen av Kjerringnova ser ein tydeleg kontrasten i landskapet i overgangen mellom vestlandsk skjergard og det dramatiske fjordlandskapet. Dette er eit av dei flottaste utsiktspunkta i Gulen og på toppen finn du ein utsiktskikkert og kart som viser namn på fjella du ser. Stien startar i Taskevika, 10 min. gange nordover fylkesvegen mot Dingja. Det er god skogsløype opp til Taskebotn med fleire pauseplassar undervegs. Steinlagt elv kan vere litt stor i periodar med mykje regn. Postkasse med infokart og trimpost finn ein i Taskebotn. Etter vegdele i Taskebotn stig stien nokså bratt opp til Mjåfjellet, og utsikten opnar seg i alle retningar. Opp mot Kjerringfjellet er det tjern, flater og lange parti med fine berg. Turen tar 2,5 timar.