star
star
star
star
star

Topptur til Hetlegga (Rundenova)

På kartet står det Rundenova, men den vert også kalla Hetlegga. Start ved fjellstova på Rørvikfjellet ved skiltet som peikar til Venevassegga. Du følgjer den godt merka stien med dei raude pilene...
Photo: Alf Foss

Photos

Practical

Enjoy code: 125342
Like ved Rørvik fjellstove på Rørvikfjellet er det ein god og romsleg parkeringsplass på nordsida av fv 13.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
20 minutes
Distance
5 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

På kartet står det Rundenova, men den vert også kalla Hetlegga. Start ved fjellstova på Rørvikfjellet ved skiltet som peikar til Venevassegga. Du følgjer den godt merka stien med dei raude pilene og runde, raude merka. Ganske fort kjem du til ein kort, bratt bakke. Sidan flatar det ut med eit variert og kupert terreng som er lett å gå i. Undervegs på første partiet har du god utsikt tilbake til Haukedalen, Haukedalsvatnet, Vindheim og vestover til Holsen. Når du kjem litt forbi Svartenova, deler stien seg. For å gå på Hetlegga må du ta stien til høgre og gå inn i Jakobsskaret. Gå eit stykke inn i skaret og sjå etter steinar på høgkant. Då går du til venstre opp på skrå og ut av skaret. Ovanfor Jakobsskaret og vidare har du fin utsikt ned att til austlege delen av Holsen. Steinane på høgkant vil no lede deg fram til varden på Hetlegga (Rundenova).