star
star
star
star
star

Topptur til Borgafjellet frå Tøsdal

Turen startar ved parkeringsplassen på Tøsdal. Første del av turen går du på grusa sti, før du går over på jord, røtter og steinunderlag opp gjennom granskogen. Frå parkeringsplassen er det om lag...
Photo: Roar Haugsgjerd

Practical

Enjoy code: 581312
Frå Os tek du til høgre vis à vis UNO-X/Mekonomen bilverkstad og følgjer vegen inn til parkeringsplassen. Dersom parkeringsplassen er full, må du ikkje parkere på innmark. I helgene kan du parkere ved Meny i Tøsdalsskiftet og gå inn til Tøsdal.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
3 hours
Distance
8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar ved parkeringsplassen på Tøsdal. Første del av turen går du på grusa sti, før du går over på jord, røtter og steinunderlag opp gjennom granskogen. Frå parkeringsplassen er det om lag 4 km til Borgafjellet. Du går i skogsterreng, så gode sko er viktig.

Turen er nokså bratt i starten, før du etter om lag 1,7 km tek til høgre ved skilt til Borgafjellet og terrenget flatar noko ut. Frå Borgafjellet er det flott utsikt mot Os, og over til Fusa, Tysnes, Fitjar og Austevoll. Frå toppen av Borgafjellet går du ned til Hjelle og vidare gjennom Nordmarka tilbake til Tøsdal.