TOEINE

Myter og magi har til alle tider omkransa den norske folkemusikken. Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe – og trollviser, åndelege viser og solbøner er alle lada med...
This activity is completed or marked as expired
05.okt
2023
kl 21:00

Details

Myter og magi har til alle tider omkransa den norske folkemusikken.

Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe – og trollviser, åndelege viser og solbøner er alle lada med eit mytisk innhald, og ofte særeigne og vakre melodiar. På fela er huldreslåttane ofte spela på særskilde felestille som gjev ein heilt spesiell klang.

Det mystiske og mytiske i tekstane og musikken har alltid gjort folk nyfikne; det vi ikkje

heilt forstår blir vi ofte dregne mot.

Denne musikken er innhaldet i konserten Toeine der Anne Hytta og Berit Opheim formidlar slåttar og folketonar frå Telemark og Voss/Hardanger. All musikken er i eigne arrangement, i solo og samspel, i tillegg til noko nykomponert.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2023 med tema MAGISK.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

FESTIVALPASS

Du kan kjøpe festivalpass til Litteratursymposiet:

MAGISK FESTIVALPASS

Eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAG

DAGSPASS FREDAG

DAGSPASS LAURDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet, så lenge det er plass. Vil du vere garantert plass, må du hente ut plassreservasjon på dei enkelte arrangementa (gratis).

Practical

Enjoy code: 846906
Type
Festival
Target groups
Adult, Kids, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links