To Ulver // Beatur & Taro

-Eventyrframsyning med beatboxing og slampoesi ! To Ulver er ei morosam og forunderlig barneframsyning, inspirert av den rike mytologien til den amerikanske urbefolkninga. Ved hjelp av beatbox,...
This activity is completed or marked as expired
09.Sep
2022
6:00pm

Details

-Eventyrframsyning med beatboxing og slampoesi !

To Ulver er ei morosam og forunderlig barneframsyning, inspirert av den rike mytologien til den amerikanske urbefolkninga.

Ved hjelp av beatbox, live looping, poesi og rap serverer Taro og Beatur ei forteljing som har eit solid moralsk kompass; To ulvar finnast i oss alle. Den eine representerer grådighet, sjalusi og løgn. Den andre representerer kjærleik, håp og glede. Desse ulvane er i konstant kamp om kven som får påverke menneska.

Framsyninga vert spelt som ein del av "Teaterdag for born" for 1.-4. klasse på dagtid, men passar godt for mindre born også. Vi set difor opp ei ekstraframsyning og inviterer mindre born med foreldre til ein fin ettermiddagsstund i Trudvang !

To ulver er skrevet og fremført av Beatur og Taro. Beatur er DJ, komikar, musikar og islandsk meister i beatboxing. Tar er skodespelar, rapper og norsk og skandinavisk meister i slampoesi.

Practical

Enjoy code: 247362
Type
Scene
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links