Tine fotballskule veke 25

I veka etter skuleslutt (veke 25) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2015. Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00....
This activity is completed or marked as expired
21.Jun
2021
10:00am

Details

I veka etter skuleslutt (veke 25) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2015. Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 990,-. Inkludert i prisen er Tine sekk, Umbro-ball,t-skjorte og Umbro-ball. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling ilag med A-laget.

Fotballskuleveka startar mandag med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen. Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.45. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen.

Det er 130 plasser tilgjengeleg og for påmelding trykkar du her:https://sogndalfotball.ticketco.events/no/nb/e/tine_fotballskule_veke_25

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar frå a-laget og Sogndal 2. Me skal læra mykje, men fyst å fremst skal me ha det frykteleg moro saman.

Søskenrabatt: - 20%

Practical

Enjoy code: 346120
Type
Sports event
Target groups
Adult, Elderly, Kids, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links