star
star
star
star
star

Til toppen med det vakre namnet

Glitregga med sine 1297 høgdemeter er den høgaste fjelltoppen i Eid kommune. Du kan starte turen i Stryn kommune ved Tvinnereimslettene (460 moh.), ikkje så langt frå Randabygda. Ein kan også...

Practical

Enjoy code: 242325
Frå Nordfjordeid følg E39 til Lote og så fylkesveg 698 til p-plass før ein køyrer gjennom tunnelen på Nos ca 1.5 km frå Randabygda.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
6 hours
Distance
7.3 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Glitregga med sine 1297 høgdemeter er den høgaste fjelltoppen i Eid kommune. Du kan starte turen i Stryn kommune ved Tvinnereimslettene (460 moh.), ikkje så langt frå Randabygda. Ein kan også starte turen frå Åland og køyrer då 1,5 km lenger fram på Panoramavegen og gå via Randastøylen.

I starten er det flatt innover slettene, litt stigning mot Høgefjellet, som vi rundar og går opp i Holmøyskaret (860 moh). Det er her Holmøyskarrennet går over, og ruta går frå Kroken i Markane til Nordfjord Fritidsenter. I skaret høver det med matpause, før ein går vidare mot toppen. Frå Glitteregga får vi i klårt vêr eit fantastisk utsyn og ser ned i Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø, som er 514 meter djupt. Også dei mange kjende vakre fjelltoppane i Nordfjord som Skåla, Eggenipa, Lodalskåpa, Snønipa og Honndalsrokken, får vi i augesyn.

Turen er middels tung og det tar rundt tre og ein halv time opp mot toppen med pause. Glitteregga er like flott å vitje sommar som vinter, og utsikta den same, men med heilt nye naturopplevingar.