The Core

The Core- 20 års jubileum. The Core starta hausten 2001 med den første konserten sin på Posepilten i Trondheim. Opphavet til gruppa var fell... The Core- 20 års jubileum. The Core starta hausten...
This activity is completed or marked as expired
26.Nov
2021
7:00pm

Details

The Core- 20 års jubileum. The Core starta hausten 2001 med den første konserten sin på Posepilten i Trondheim. Opphavet til gruppa var fell... The Core- 20 års jubileum. The Core starta hausten 2001 med den første konserten sin på Posepilten i Trondheim. Opphavet til gruppa var felles studie til medlemmene ved Jazzlinja i Trondheim i perioden 1998-2000. Etter å ha spelt saman i ulike samanhengar, oppstod ønsket om ein jazzkvartett som bygde vidare på arven frå Jan Garbareks musikk på tidleg 70-talet. Garbarek var igjen svært påverka av John Coltrane sin musikk frå 60-talet. Denne kjernen i inspirasjon, saman med dei akustiske straumdraga til det seine 90-talet i jazzen, danna grunnlaget for The Core sitt uttrykk. The Core har sidan oppstartet utgitt 8 plater, spelt på alle dei store norske jazzfestivalane og turnert flittig i inn- og utland. Trass i bandets ekspressive og til tider veldige uttrykk, vart ofte The Core referert til som ein publikumsfavoritt ved festivalar. Terje Mosnes trilla fram ein 6-er i Dagbladet og skreiv følgjande om debutplata «Vision» (Jazzaway rec): «Møster legg ut på kvar einaste solo som var han eit kamikaze-prosjekt, Slettevoll akkordbankar tangentane i stormbye etter stormbye, Raknes/Aalberg er høgt og lågt i dumpa, mørke detonasjonar, og musikken lever, rå, vill og vakker.» Det finst ikkje eit betre høve til å dra i gang eit av dei mest oppsiktsvekkande norske jazzband som fram til pausen i 2012, turnerte fem kontinent. No er originalbesetninga i The Core med Kjetil Møster, Erlend Slettevoll, Steinar Raknes og Espen Aalberg tilbake, igjen klar for å spreia den gode bodskapen til den energiske akustiske jazzen.

Practical

Enjoy code: 921715
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth, Kids, Elderly
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.