Sykurs for nybyrjarar

Lærdal folkebibliotek arrangerer sykurs med Ingrid Saltvik Faanes. Sykurs for nybyrjarar! Den nye bærekraftige trenden vi vil sjå meir av i 2021 er søm og sjølvsydde klesplagg - gjerne i...
This activity is completed or marked as expired
06.Mar
2021
10:00am

Practical

Enjoy code: 833139
Type
Lecture
Target groups
Elderly, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Lærdal folkebibliotek arrangerer sykurs med Ingrid Saltvik Faanes.

Sykurs for nybyrjarar!

Den nye bærekraftige trenden vi vil sjå meir av i 2021 er søm og sjølvsydde klesplagg - gjerne i form av gjenbruk av gamle plagg og gardiner. Så skal du børste støv av ein ting i år, er det symaskina di! (og sidan pandemien ikkje ser ut til å gi seg heilt enno, kan det vere smart å investere i fritidsaktivitetar på heimebane).

På kurset får du høve til å bli kjend med di eiga symaskin og ulikt sømverktøy, teste ulike sømteknikkar, grunnleggande søm-terminologi, lese enkle instruksjonar og mønster, og ikkje minst prøve deg på å sy noko til deg sjølv! Målet for kurset er at alle skal sy sin eigen gymbag, med uante brukshøver.

Kursleiar Ingrid Saltvik Faanes (@ingridalgoria) har gått livets harde syskole og er sjølverklært sømnerd. På dagtid er ho profesjonell kulturkjerring med fleire prosjekt i både Bergen og Lærdal. Ingrid er heilt sikker på at alle kan sy, i alle fall med med riktig utstyr, litt teknikk og ein dose tålmod.

Det vert sett opp to kurs. Kun 6 plassar per kurs

Dato: Laurdag 6. mars eller søndag 7. mars

Varighet: 5 timar

Stad: Lærdal folkebibliotek

Dersom du har eiga symaskin kan du gjerne ta med den. Gi beskjed om du ynskjer å låne.

Dette trenger du:

Symaskin

Symaskinnåler: universal 80

Sytråd: polyester

Undertrådspoler

Sprettekniv

Måleband

Knappenåler

Maps