star
star
star
star
star

Sykkeltur Lærdal - Erdal - Vindedal - Revsnes

Turen byrjar ved infotavla ved ferjeleiet i Habben ved Lærdal Hotell. Følg FV 243 mot Erdal. (FV 243 (Snøvegen) tek av til venstre over Aurlandsfjellet i Erdal og er vinterstengd.) Vidare på...
Photo: Rolf Engløkk

Photos

Practical

Enjoy code: 635233
Frå Rv5 i Lærdal, køyr Fv 243 og parker på kaien ved Lærdal ferjeleie.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
14.2 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen byrjar ved infotavla ved ferjeleiet i Habben ved Lærdal Hotell. Følg FV 243 mot Erdal. (FV 243 (Snøvegen) tek av til venstre over Aurlandsfjellet i Erdal og er vinterstengd.) Vidare på kommunal veg mot Vindedalen og bom. Etter bommen er det på nedlagd veg ut til det gamle (og nedlagde) ferjeleiet på Revsnes. Vegen er asfaltert, og nokre plassar er merke av stein som har rasa ned frå fjellsida. Difor vert turen ikkje tilrådd i sterkt regn elle i vårløysinga. Eit par plassar har det òg gått ras og flaum som har teke med seg vegen og bruer. Desse er reparerte, men spora er der. Ved Hausagrovi kjem vi inn i Bleia Naturreservat, og må føra oss etter det. Like etter brua er det ei infotavle som Nærøyfjorden Verdsarvpark har sett opp Der byrjar ein godt merka sti som går opp til Hausen, ein nedlagd husmannsplass. (Sjå denne turen) På turen ut langs fjorden er det panoramautsikt inn Årdalsfjorden og over til Sogndalssida. Du kan og råke på å sjå ørn segla i fjellsida.