star
star
star
star
star

Svanøya - Nordsjøløypa

Nordsjøløypa: Følg vegen frå kaia til Svanøy Hovudgard, ta til høgre og følg vegen til skilt med blå N til venstre. Følg traktorvegen i ope kulturlandskap og gjennom granskog. Om litt ser ein skilt...

Practical

Enjoy code: 758272
Rutebåt til Svanøybukt Eigen båt til Svanøybukt og Kvalstad
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Elderly
Duration
30 minutes
Distance
6.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Nordsjøløypa: Følg vegen frå kaia til Svanøy Hovudgard, ta til høgre og følg vegen til skilt med blå N til venstre. Følg traktorvegen i ope kulturlandskap og gjennom granskog. Om litt ser ein skilt ut til høgre som viser blåmerka sti over Trolleskaret, som er eit kortare turalternativ. Ta gjerne avstikkarar frå stien og ned mot sjøen der ein kan finne jettegryter. Den lengste Nordsjøløypa følgjer traktorvegen vidare, og går etterkvart over i sti gjennom furuskog og svingar mot nord igjen og følgjer hjortehegnet til Norsk Hjortesenter. Litt klyving i stien inntil hegnet, og ei trapp ned over bratt berg. Stien følgjer hegnet fram til traktorveg og stikryss. Her kan ein gå bort på vegen og gå til Kvalstad og Norsk Hjortesenter eller til høgre til Svanøybukt kai. Nordsjøløypa går vidare til høgre i stikrysset, følger traktorvegen over Kvalstadmyra, forbi Kvalstadvatnet på venstre hand og til Villmarksleiren. Her er bålplass og benkar. Stien går vidare opp bakken og til venstre inn på traktorveg som ein følgjer til bilvegen ved Eikehagen. Ta til høgre og følg vegen tilbake forbi Solhaug gard og vidare til Strandsbøkrysset.