Susanne Lundeng og Nils-Olav Johansen - Hedalen

Årets fyrste konsert på Jørn Hilme-stemnet byr på sjøsprut og skrikande havelle. Velkomen til nordnorsk stemning i valdresfjell! Foto: Guri Dahl Susanne Lundeng er i dag ei av dei mest særprega...
This activity is completed or marked as expired
11.Jul
2022
7:00pm

Details

Årets fyrste konsert på Jørn Hilme-stemnet byr på sjøsprut og skrikande havelle. Velkomen til nordnorsk stemning i valdresfjell!

Foto: Guri Dahl

Susanne Lundeng er i dag ei av dei mest særprega felespelarane, komponistane og musikalske fritenkarane i landet. Ho har ein sterk musikalsk utforskartrong og blandar det ho kjem over av gamle feleslåttar og folketonar, med erfaringane i eige liv. I tekstar og melodiar skildrar ho drama i menneska og landskapet. Susanne Lundeng er ein merittert musikar og har mellom anna vunne Spellemannprisen i klassa for folkemusikk. Ho har gjeve ut ei mengd plater, den siste i rekka erHold dæ på vingan (2020).

Lundeng kjem ikkje åleine. Nils-Olav Johansen er jazzgitarist og songar og hentar inspirasjon frå tradisjonell musikk frå heile verda. Han står for virtuose improvisasjonar og har ein særeigen signatur. Når Johansen ikkje er musikar på landevegen, er han professor i jazzgitar på jazzlinja ved NTNU i Trondheim.

Musikken til Lundeng og Johansen strekker seg frå det sarte og dempa til det stormfulle og eggjande. I ein symbiose av jazz, vise og nordnorsk tradisjon tek ny musikk sats og slår rot.

Før konserten er det det vandring på Kongevegen og servering av mat.

Medverkande: Susanne Lundeng, fele, song Nils-Olav Johansen, gitarist, song

Practical

Enjoy code: 547558
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.