Inngangsbillett Sunnfjord Museum

Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene-
Photo: Line Hårklau

Details

Når du stig inn i ei av våre små, lafta stover, stig du inn i livet til Sunnfjordingen på 1800-talet. Langs stiane mellom torvlagde tak, hesjer og ein liten kvernbekk, kan du ane kvardagen på den tida våre tipp-tipp-oldeforeldre levde. I urtehagen kan du trekke inn angen av humle, karve og ramsløk.
Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene. Med i alt 32 antikvariske bygg, får du oppleve eit tradisjonelt tun, ein husmannsplass og ein støl. Nede ved vatnet står det naust, og der kan du ta deg ein dukkert og helse på geitene våre.

Innandørs har vi skiftande kulturhistoriske utstillingar, museumsbutikk og du kan få kjøpt deg is. I skogen rundt museet finn du informative turløyper. I sommarhalvåret kan du få ei skreddarsydd og familievenleg omvising på norsk eller engelsk.

Photos

Practical

Enjoy code: 441048
Museet har eigen parkeringsplass
Type
Attraction
Target groups
Elderly, Adult, Youth, Kids
Source
Enjoy
External information

Reviews

Loading ...

Maps