Strunkeveko - hardingfele fordjuping 2023

Hardingfele fordjuping med Helga Myhr Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år...
This activity is completed or marked as expired
09.Jul
2023
5:00pm

Details

Hardingfele fordjuping med Helga Myhr

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med.

Helga Myhr har vakse opp på Torpo i Hallingdal. Ho har utdanning frå landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule og som utøvande musiker frå Norges Musikkhøgskule. Helga jobbar som musikar på heiltid og spelar i mange ulike grupper og band. Blant anna Morgonrode, Kvedarkvintetten og i duoen Helga og Tanja (med Tanja Orning). Helga har også gitt ut soloplate med song og hardingfele i 2019 som vart nominert til Spellemannprisen.

Helga var sjølv elev i mange år på Strunkeveko og gler seg til å kome attende som instruktør.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Practical

Enjoy code: 542554
Type
Scene
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links