Strunkeveko 2024 - langeleik

Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå....
07.Jul
-
4:00pm

Details

Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

Ragnhild Kolsrud kjem frå Sør-Aurdal i Valdres, og har i fleire år vore aktiv deltakar på kappleik innan langeleikspel og dans. Repertoaret på langeleik er i hovudsak frå Valdres, og ho har mellom anna lært av Oddrun Hegge, Knut og Ole Aastad Bråten og Elisabeth Kværne. Særleg moro syns ho det er å fordjupe seg i arkivopptak med eldre utøvarar, og lære låttar etter desse.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Practical

Enjoy code: 462087
Type
Scene
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo