Strunkeveko 2024 - halling

Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er...
07.Jul
-
4:00pm

Details

Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset på Strunkeveko plassen å bli ein betre hallingdansar. Ved sidan av store mengder hallingdans blir det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke.

Vebjørn Jøtun Fauske er lausdanser og toraderspelemann frå Gol i Hallingdal. Han har dansa laus sidan han var 3 år og trivast godt i folkemusikkmiljøet, og er inspirert av det gode miljøet han har vakse opp i på Torpo. No er han 26 år og bur i Oslo, og deltek aktivt i Hallinglaget, Leikarringen i BUL, Valdresslaget, BLS ung og Halling på Riksscena. Han har instruert i hallingdans både i Oslo og i Hallingdal. Vidare seier han: «Strunkeveko har vært viktig for meg og eg gler meg veldig til å møte dykk!»

Nytt av året er at vi har fått Frikar som samarbeidspartner! Ein av dagane får hallinggruppene då reise med lærarane sine ned til Frikar-SMIA som ligg i Aurdal! Frikar-SMIA har ekstra godt dansegulv, gode matter til å lære akrobatikk og mykje meir!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Practical

Enjoy code: 178819
Type
Scene
Target groups
Elderly, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo