STRUKTRELL RASISME

Sakprosa, poesi og forsking. I kjølvatnet av Black Lives Matter-demonstrasjonane i 2020 har begrepet «strukturell rasisme» blitt eit hyppig brukt omgrep. Ordet peikar på at rasisme ikkje berre...
This activity is completed or marked as expired
07.Oct
2022
2:00pm

Details

Sakprosa, poesi og forsking. I kjølvatnet av Black Lives Matter-demonstrasjonane i 2020 har begrepet «strukturell rasisme» blitt eit hyppig brukt omgrep. Ordet peikar på at rasisme ikkje berre foregår i form av personleg diskriminering, men at sjølve samfunnet og institusjonane er strukturerte til fordel for den kvite majoriteten. Kva er døme på slik strukturell rasisme, og kva er særskilt relevant i ein norsk kontekst? Kva kan vi gjere for å motvirke det, og korleis snakkar vi med den oppveksande generasjonen om temaet? Forfattar Brynjulf Jung Tjønn er aktuell med Kvit, Norsk mann, ei samling vonde og kloke – men tidvis óg morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Tinashe Williamson gav i fjor ut den kritikarroste boka Håndbok for unge antirasister, som er retta mot ungdom og gir nokre verktøy til å betre forstå og engasjere seg i kampen mot rasisme. Poet Fredrik Hagen skriv doktorgradsavhandling om forståelsen av rasisme og Holocaust hos ungdom. Dei møtest i samtale.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du pålittsymp.no.

Practical

Enjoy code: 310116
Type
Festival
Target groups
Elderly, Adult, Youth, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links