star
star
star
star
star

Store Batalden via Stokksneset - Rundtur

Store Batalden er 492 moh. Dersom du ønsker ein litt lengre tur, kan den gåast som ein rundtur via Stokksneset. Store Batalden har den høgaste toppen av alle øyane i Flora. Utgangspunktet for...
Photo: Arnfrid Bergheim

Practical

Enjoy code: 621843
Rutebåt til Store Batalden. Frå 1.mai 2017 kan turgåarar ikkje la eigen båt ligge ved kai mens dei er på tur.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Youth, Kids, Adult
Duration
3 hours
Distance
5.7 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Store Batalden er 492 moh.

Dersom du ønsker ein litt lengre tur, kan den gåast som ein rundtur via Stokksneset.

Store Batalden har den høgaste toppen av alle øyane i Flora. Utgangspunktet for turar på øya er Batalden Havbu si kai der rutebåten frå Florø legg til.

Du er velkommen til å gå tur på øya. Studer oppslag og info på kaia før turen.

Ta omsyn til at Batalden Havbu ikkje har gjestehamntilbod og at rutebåtkaia og hamneanlegget elles er privat.

Frå 1.mai 2017 kan turgåarar ikkje la eigen båt ligge ved kai medan dei er på tur.

Det er ein bratt tur med delvis ur, berg og lygnhei. Frå kaia går du rett fram og tek til høgre rett før husa. Du går opp bakken og nordover gjennom to grinder og kryssar ei beitemark. Følg så stien oppover til du kjem til eit lite vatn. Her delar stien seg i to. Hald til høgre og følg stien / hjortetråkket nordover på 40 moh til du kjem fram til Stokksneset. Her kan du gå nedom dei gamle hustufta eller fortsette vidare famover til du kjem inn på skråberga. Følg desse heilt nord og ta til venstre oppover første høgda. Vidare oppover følger du berga til du kjem til Tjeldneshamrane. Dersom du går ut på vestkanten er det fin utsikt mot Tjeldneset og Låtreholmane. Frå utsiktspunktet følger du den bratte grasdekte lia til du nærmar deg toppen. Du kjem etterkvart til ei myr. Her er det greit å gå på austsida. Toppen er no synleg og du kan følge terrenget / berget den siste biten til varden.

Returen til kaia går du den vanlege stien. Sjå omtale: http://www.ut.no/tur/2.7246/