star
star
star
star
star

Stord Topp 8

NB! Denne turen går for det meste IKKJE på T-merka stiar. Stord Topp 8 er eit arrangement som går ein sundag i månadskiftet Mai/Juni kvart år. Ruta for denne rundturen vert merka kun for denne...

Practical

Enjoy code: 413457
Start og mål er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Kids, Adult, Youth
Duration
6 hours
Distance
17.1 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

NB! Denne turen går for det meste IKKJE på T-merka stiar. Stord Topp 8 er eit arrangement som går ein sundag i månadskiftet Mai/Juni kvart år. Ruta for denne rundturen vert merka kun for denne dagen. Skilt og merkeband blir tatt ned etter arrangementet og merkepinnar kan bli fjerna av beitedyr e.l. Du kan likevel gå turen om du er godt kjent eller brukar GPS.

Vidare beskrivelse gjeld arrangenentsdagen for Stord Topp 8:

Stord Topp 8 er blitt eit stort og populært arrangement som er tilpassa alle aldrar. I tida før arrangement blir det arrangert "bli-kjent-turar" der ein på kvar tur går delar av heile Topp 8. Følg med på Stord Fitjar Turlag sine nettsider eller Facebook side for dato for arrangementet og påmelding.Turen er tilrettelagt slik at alle skal kunna gå han, born, vaksne, familiar. Dessutan kan bedrifter, lag og organisasjonar stilla med så mange deltakarlag dei måtte ønskja, og eventuelt konkurrera innbyrdes. Om nokon tykkjer åtte toppar blir i meste laget, kan dei velja å gå berre dei fire første og så attende til mål.

Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire. Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt. Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km.

Dei 8 toppane er:

  • Steingjeldsheddo 529 moh.
  • Budalsfjellet 526 moh.
  • Stavalifjellet 511 moh.
  • Sørliknattet 465 moh.
  • Skårafjellsåto 665 moh.
  • Skårafjellet 691 moh.
  • Nibbo. 700 moh.
  • Stovegolvet 703 moh.

Dersom du ikkje ynskjer å gå heile 8-fjellsturen, kan du gå gå dei 4 første toppane og deretter fylja stien ut langs ausida av Tysevatnet, opp Steinasmog og ned Tyseskaret til utgangspunktet ved Lundsæther kraftstasjon.