STEMT Jubileumskonsert

Blandakoret Stemt markerer 10 år i 2025, og vil feire dette med ein storslått jubileumskonsert i Volda kyrkje. Stemt er eit ungt kor i stadig utvikling, med stabile, røynde songarar og...
22.Nov
-
5:00pm

Details

Blandakoret Stemt markerer 10 år i 2025, og vil feire dette med ein storslått jubileumskonsert i Volda kyrkje. Stemt er eit ungt kor i stadig utvikling, med stabile, røynde songarar og kvalitetsbevisst jobbing mot nye mål. Med sin dyktige dirigent Siv Kristin Aurdal i spissen, har Stemt hausta mange lovord dei siste åra. Særleg for sin særeigne klang og uttrykk. Med denne festkonserten ønsker koret å syne den musikalske reisa dei har hatt så langt. Konsertrepertoaret vert variert, og spenner frå folketonar, viser, jazz og poplåter til klassiske perler og sakral musikk for kyrkjerommet. Med Volda kyrkje sitt unike klangrom som utgangspunkt, vil ulike plasseringar og forflyttingar i kyrkjerommet også bidra til eit variert utrykk. Sjølv om Stemt er etablert som eit godt ´a cappella-kor´, vert det likevel noko instrumentalmusikk å høyre denne kvelden. Pianist John Inge Leira Bjøringsøy og felespelar Leiv Arne Nydal vil bidra saman med Stemt på nokre av nummera. I tilegg til dette er alle tidlegare medlem er invitert med til eit storkor på nokre av dei musikalske høgdepunkta for konserten. Stemt ønskjer med dette hjarteleg velkommen til festkonsert – Stemt 10 år!

Practical

Enjoy code: 802941
Type
Concert
Target groups
Elderly, Kids, Adult, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Available tickets

Saturday
22/11 2025 5:00pm
Volda kyrkje Volda kyrkje Kyrkjegata
Provided by Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.