star
star
star
star
star

Steinslandsnuten (514 m.o.h.) frå Aurdal i Øvre Vats

Følg traktorvegen innover langs Aurdalselva og over Kleiva bru. Lenger oppe kryssar du elva på ny ved eit støypt va. Gå vidare innover til vegkrysset til Sletthaug til høgre, men du går vidare på...

Practical

Enjoy code: 560128
Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om ulike turar.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Elderly, Adult
Duration
2 hours
Distance
4.9 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Følg traktorvegen innover langs Aurdalselva og over Kleiva bru. Lenger oppe kryssar du elva på ny ved eit støypt va. Gå vidare innover til vegkrysset til Sletthaug til høgre, men du går vidare på skilta veg vidare mot Sandeid. Etter dette vegkrysset vil du kryssa ein bekk. Lenger inne kryssar du Aurdals-elva endå ein gong. Like før du kryssar elva, står det skilt til Sønnanåstølen (Stuhaug seter/Stølen) og Stuhaug gardsmuseum. Gå over elva og følg vegen opp bakken eit stykke før du tar av til høgre – følg skilting her. Då kjem du inn på ny skogsveg som kjem frå. Steinsland i Sandeid. Følg denne til du kjem til skilt med Steinslandsnuten. Følg stien til venstre – stien er rydda merka med merkepinnar heilt opp. Fin utsikt på toppen.

Terreng: Traktorveg heilt inn til foten av Steinslandsnuten. Ved skilt må du ta av til venstre og inn på ein merka og rydda sti vidare gjennom bjørkeskog , buskar og brakar.

Fottøy: Gode tette sko.