star
star
star
star
star

Steineggja via Eidshornet (Geitskarhornet)

Turen til Steineggja og Eidshornet (Geitskarhornet) går på godt merka sti mot nordaust. Heilt i starten kan det vere noko vått (myr), men elles godt turterreng . Berre 200-300 m frå utgangspunktet...

Practical

Enjoy code: 907140
Turen tek til toppen av Manseidet (ca. 250 m.o.h.), om lag 7,5 km frå Selje langs rv. 618. Manseidet er ryggen som bind Stad-halvøya til fastlandet med Kjødepollen på nordsida og Moldefjorden på sørsida.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen til Steineggja og Eidshornet (Geitskarhornet) går på godt merka sti mot nordaust. Heilt i starten kan det vere noko vått (myr), men elles godt turterreng . Berre 200-300 m frå utgangspunktet kryssar turstien ein av dei eldste vegane på Vestlandet - Kongevegen (sjå lenke). Vegen har også vore pilegrimsveg mot Selje kloster. Vegen er i ferd med å bli dekt av vegetasjon.

Turen går i lett terreng opp lia til ein kjem opp på Moldeggja, der det flatar ut og stien går nordvest mot Eidshornet (Geitskarhornet) (520 m.o.h., fjellpost Selje I.L.). Namnet Moldeggja skriv seg truleg av at det har vore teke mykje torv til brensel på denne ryggen. Alt her er det god utsikt mot vest (Sildagapet, Kråkenes mv.), og mot nordaust mot Vanylvsfjorden og Sunnmøre.

Etter ca. 400 m nordvestover langs ryggen, kan ein velje å gå til Eidshornet (Geitskarhornet) eller Steineggja. Dei fleste tek turen til Steineggja (501 m.o.h., fjellpost Selje I.L.) først, dvs. stien langs fjellfoten mot høgre. Her er det lett å gå i litt kupert terreng. Steineggja ligg like sør for Krokevatna (428 m.o.h.), der det er fin fisk.

Frå Steineggja går ein same vegen tilbake. Etter nokre hundre meter deler stien seg mot høgre i ei slakk stigning. Følg denne mot Geitskarhornet, der det er ei litt bratt stigning opp mot toppen. Flott utsikt.

Frå Geitskarhornet går stien litt bratt ned mot Moldeggja, men likevel lett å gå. Følg stien vidare tilbake til Manseidet.