Song fordjuping - Strunkeveko

Song fordjuping med Gro Kjelleberg Solli Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa...
This activity is completed or marked as expired
11.Jul
2021
5:00pm

Details

Song fordjuping med Gro Kjelleberg Solli

Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. På fordjuping i song går ein endå meir inn på særtrekk i kveding, ornamentering, klang etc. Fordjupingskurs er for dei over 14 år.

Gro Kjelleberg Solli er folkesongar frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen. Gro har vunne Landskappleiken to gonger. Alt Gro formidlar framstår som heilt ekte, ingen spor av jåleri, berre song med tusenvis av overtonar og små, fargeleggande trillar. Ho har ei silkemjuk røyst som glid inn i hjarterota di nesten utan at du merkar det. Gro er utdanna folkemusikar/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Ho har hatt songlærarar som Sondre Bratland og Kirsten Bråten Berg.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Practical

Enjoy code: 321569
Type
Scene
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links