Sommardraum i prestegarden

Sommardraum i prestegarden! Lørdag 26.juni blir det konsert i prestegarden, musikken startar kl. 18.00, men kom gjerne i god tid og nyt fellesskapet i ei fin ramme. Det blir kiosk med høve til å...
This activity is completed or marked as expired
26.Jun
2021
6:00pm

Details

Sommardraum i prestegarden! Lørdag 26.juni blir det konsert i prestegarden, musikken startar kl. 18.00, men kom gjerne i god tid og nyt fellesskapet i ei fin ramme. Det blir kiosk med høve til å kjøpe noko å bite i og kaffi/te. Ta med eigen stol. Dei som skal gjere kvelden til ein draum musikalsk er:

Sissel Marie er gjennom frisk visepop oppteken av å formidle det sårbare ved livet, glimt av glede, sorg, meistring, skuffelsar og nærheit.

Jørn & Hege serverar ei god blanding av eigne låtar og kjende godbitar innpakka i den alltid så kjomslige stemninga desse to aritstane klarar å skape med si tilstedeværing.

Bjarne Iestra er ein saxofonist som blandar melodiske frasar samman med nokre drops frå platesamlinga og litt elektronikk. Leikne frasar og melankolske klangar blir improvisert fram med utgangspunkt i eigne og andres låtar.

Arrangementet gjennomføres i henhald til smittevernreglane frå helsedirektoratet, og arrangeres av Gloppen Sokneråd. Billettsal blir på førehand via Ticketco, eller restbillettar med bankkort ved inngong.

Arrangementet er ein del av prosjektet "Kultur til folket" som omfattar fleire arrangement rundt i Gloppen kommune sommaren 2021. For dei som ynskjer å gje eit ekstra bidrag til prosjektet vert det høve til det gjennom å kjøpe ein "spleis-billett". Velkomen til konsert!

Practical

Enjoy code: 726022
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.