SOLA // The Krumple

- Ny soloframsyning frå The Krumple ! The Krumple er eit teaterkompani med internasjonalt nedslagsfelt, som jobbar med utgangspunkt i ein fysisk teatertradisjon. I deira heilt nye...
This activity is completed or marked as expired
10.Sep
2021
4:00pm

Details

  • Ny soloframsyning frå The Krumple !

The Krumple er eit teaterkompani med internasjonalt nedslagsfelt, som jobbar med utgangspunkt i ein fysisk teatertradisjon.

I deira heilt nye soloframsyning SOLA møter vi ein komande far. Han kjempar med sine indre demonar og frykta som følgjer med det å få eit barn. Han møter seg sjølv i døra; ein mann som har problem med å sjå meininga med livet, og manglar tru på framtida. Korleis havna han her ? For å finne svar dukkar han ned i det bleike universet frå sin eigen barndom. Kanskje kan han knyte band til sitt eige, indre barn - og få sola til å skine att ?

SOLA er ei leiken, offbeat og mangfaldig teateroppleving av the Krumple, som finn sin inspirasjon i krysningspunktet mellom filosofiske forteljingar, urgamle åndelege tradisjonar og slapstick-komedie. Framsyninga vert produsert/ferdigstilt på Samvirket i Dale sommaren 2021.

Av og med the Krumple. Utøvar, manus og regi: Vincent Vernerie, med-regissør: Jo Even Bjørke, dramaturg og produsent: Oda Kirkebø Nyfløtt, utvikling og scenografi: Frode Gjerløw, lysdesign: Agathe Patonnier, lyddesign: Cédric Colin, lys- og lydteknikar: Yasin Gyltepe, kostymeassistanse: Madeleine F. Røseth og Madeleine Barosen Herholdt. Framsyninga er støtta av Norsk Kulturråd, og er utvikla i co-produksjon med PreForm, Fossekleiva Kultursenter og Teater Vestland

Practical

Enjoy code: 106996
Type
Scene
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links