SmåTinget

SmåTinget er ein nystarta barne- og ungdomsfestival med fokus på born og unge opp til 16 år, lokalisert på Gulatinget. Målet for festivalen er å kunne tilby jamngode kulturopplevingar, med det ein...
This activity is completed or marked as expired
14.Aug
2021
1:00pm

Details

SmåTinget er ein nystarta barne- og ungdomsfestival med fokus på born og unge opp til 16 år, lokalisert på Gulatinget. Målet for festivalen er å kunne tilby jamngode kulturopplevingar, med det ein normalt sett tilbyr eit vakse publikum. Vår visjon er å etablere ein årleg festival for born og unge frå heile regionen, med ein historisk base i vår felles kulturarv, der vi vågar å utfordre oss sjølve og barna til å programmere ein festival, engasjerande, overraskande, på tvers av alder, interesser og musikalske preferansar. Me ynskjer å skape ein tverrkulturleg arena sett saman av dans, musikk, kunst, litteratur og aktivitetar.

Born u.4 år gratis i fylgje med vaksen

2021 vil by på eit program med hovudbase i musikk, med hjelp frå dei lokale ungdomsråda i kommunen.

SmåTinget skal utfordre definisjonen av barnekultur, og publikum skal introduserast for eit breitt spekter av musikk- og kulturopplevingar innanfor trygge og inkluderande rammer, der barnas oppleving står i fokus. For 2021 planlegg vi SmåTinget innanfor dei gjeldande smittervernsreglane.

Practical

Enjoy code: 365685
Type
Festival
Target groups
Youth, Kids, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links