Smaking av edle dråpar frå Gardsbrenneriet i Gloppen

Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking går heilt tilbake...
This activity is completed or marked as expired
27.Aug
2022
5:00pm

Practical

Enjoy code: 592861
Type
Food and drink
Target groups
Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking går heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort.

Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 og dei produserer eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene står i fokus. Dei brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar dei på garden. Garden har også lange tradisjonar for grønsaksdyrking og dyrkar enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta sjølv. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen. På smakinga under Godt i Gapet har dei med fem forskjellige sortar: sider, bringebærlikør, fatlagra eplebrennevin, gin og gardsakevitt

Maps