star
star
star
star
star

Sletteheia

Sletteheia er ein middels lett topp, og eit bra utsiktspunkt over Viksdalen. Denne når du lettast i frå Tjønneland, eg har valgt å gå i frå Tuftene. Toppen egnar seg og godt som skitur, med eit...
Photo: Håvard Vallestad

Photos

Practical

Enjoy code: 717669
Tuftene, eller Tjønneland
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
7.6 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Sletteheia er ein middels lett topp, og eit bra utsiktspunkt over Viksdalen. Denne når du lettast i frå Tjønneland, eg har valgt å gå i frå Tuftene. Toppen egnar seg og godt som skitur, med eit morsomt og slakt renn ned igjen til Tjønneland.

I frå Tuftene, er enklaste veg oppover å finne sti ved stølshus på Tuftestølen, vidare oppover til ein ser i Tjønnelandsvatnet, deretter rett vestover. Dette er delvis stien eg har gått ned igjen. GPS-spor på kart kan følgast både opp og ned, dog i noke meir myrlendt terreng oppover.