SJUR HJELTNES

SJUR HJELTNES Det er hardt å vera mann. Men kake er godt. Flaks at nokon har brukt tid på å laga unyttige ting, som kunst for eksempel. Det fyrste pianoet hadde berre ein tangent. Det var tøffe...
This activity is completed or marked as expired
24.Jan
-
7:00pm

Details

SJUR HJELTNES Det er hardt å vera mann. Men kake er godt. Flaks at nokon har brukt tid på å laga unyttige ting, som kunst for eksempel. Det fyrste pianoet hadde berre ein tangent. Det var tøffe tider for pianistar. Bli med Sjur Hjeltnes på ein lat rusletur langs strandpromenaden på den franske riviera. Med sola i ryggen og eit glas i handa, tek han deg med på ei musikalsk feiring av nytelse og lykke, stikk i strid med luksusfella sine anbefalingar. Sjur Hjeltnes, kjend frå «Eides Språksjov» og «Nordic Tenors», er klassisk utdanna pianist frå Griegakademiet og Ecole Normale de Musique de Paris. Karriera starta som komikar i framsyninga «Nordic Tenors og Sjur Hjeltnes» regissert av Teodor Janson, der han begynte som akkompagnatør, men enda opp i hovudrolla. Framsyninga vart ein stor suksess, gjekk i fleire år, og fekk komiprisen i 2006. Den vart brukt som innramming av Kong Harald sin 70-års dag på Akershus festning på oppdrag frå Statsministerens kontor, og året etter for dronning Sonjas 70-års dag. Samarbeidet med Teodor Janson har heldt fram med utforsking av musikalsk humor, og resulterte i framsyninga «Sjur Hjeltnes – spelar fort og pratar tull» på Ole Bull Teater. Dei siste åra har denne framsyninga levd sitt eige liv frå Halden i sør, til Hammerfest i Nord, og er i stadig utvikling, som eit laboratorium for møte mellom musikk og humor.

Practical

Enjoy code: 633888
Type
Concert
Target groups
Kids, Adult, Elderly, Youth
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.